Eg har ein caravelle syncro, 93-modell. Bilen har gått fint, men for ca tre månader sida rauk kløtsjen, og eg fekk skifta den.
Eg bur på Vestlandet (Sogn og Fjordane), men forrige veke var eg på ferie i Oslo. Eg kom fram dit, men merka at det var noko litt unormalt med giringa dei siste 10 mila eg køyrde (bilen var tyngre enn normalt å få ned i gir, f.eks frå 3. til 2. eller frå 4. til 3., og når eg hadde han i 5. gir hoppa han ut (over til fri) nokre gongar.) Har aldri hatt trøbbel med giringa før på bilen, og høyrde heller ingen unormale lydar.
Då eg starta opp bilen neste dag, var det plutseleg ikkje mogleg å få bilen i gir i det heile teke, girstanga sto heilt fast. Vart nødt til å få tak i NAF-bil som kunne køyre han til verkstad.
No har verkstaden sett på bilen, og dei seier at girkassa er gåen (det rant visst ut tannhjul då dei tappa girolje). Den verkstaden skal ha 70000 for å skifte kasse, og det er naturlegvis uaktuelt, då bilen sikkert ikkje hadde ein salgsverdi på meir enn ca 25000 max då han var i orden.
Spørsmålet mitt vert; Kva i all verda gjer eg med bilen min? Er det berre å få han på skrapen så fort som råd? Eller finnes det privatfolk/verkstader el i Oslo som fiksar sånt MYKJE rimlegare? (Max ca 20000 for jobb og kasse).
Eller finnes det nokon der ute som er interessert i å kjøpe bilen min (som delebil eller for å fikse han), og som kan hente han på verkstaden i Oslo der han står? (alle bod over vrakpant er av interesse! Som sagt er det heilt ny kløtsj på han.)
Bilen er som sagt ein 93-modell, syncro (4-hjulstrekk). Han har 8 seter, og har fungert kjempegodt som familiebil for meg og dei fire ungane mine.
Det HASTAR veldig å ta ei avgjerd, då bilen som sagt står på verkstad i Oslo, og eg sit i Sogn og Fjordane. Har ingen kjente i Oslo som kan hjelpe meg, verken med å undersøke ting eller å frakte/taue bilen nokon plass.
Håpar på tips, råd, hjelp!
Helsing ei fattig aleinemor som er heilt hjelpelaus utan bil i bygdenorge

