Som overskrifta seier skal eg ut i garagen i løpet av helga å gjere den operasjonen. På tips og triks ligg ein vledig lettfatteleg beskriving frå Rapidspeed (

takker og bukker)
Lurer på tre ting før eg startar:
1: Er det nokon ting ein kan gjere gale slik at det skikkelig skjærer seg? Altså ting ein må sjå opp for?
2: Tomgangskruen, er det den som justerer kor langt tilbake gasspindelen skal gå?
3: Dei av dykk som har gjort dette, kva erfaringar sit de inne med? Blir det merkbar skilnad eller berre meir røyk og ein psykisk forbetring

Korleis artar forbruket seg ved normal køyring? går dette mykje opp. Pr no brukar dne ca 0,75-0,8 på blanda køyring. Dersom det fyker opp i over literen kan det jo eigentleg vere det samme.

Då skal eg heller bruke tolmodigheita slik eg gjer pr i dag..
