Har ein TDI 1999mod. Med AUF motor og orginalt levert med DXS kasse, men det står nå ein EQG kasse i den.
Litt beskrivelse av problemet.
Eg startar med kald motor og gear, og har sletta alle feilkodar med Vagcom`en.
Med DXS kjørte eg ca 2 mil på forholdsvis flat vei, oljetemperaturen var da oppe i ca 85 – 90 grader målt med Vagcom`en på pc.
Så får eg ein bakke ca 1/2 km og eg gir gass, automaten gearer ned slik eg vil og eg forset opp til toppen. Temperaturen har nå komt opp i ca 105 og lock-up`en legg seg ikkje inn.
Eg kjører til sides, og ventar til temperaturen er nede under 95 grader.
Medan eg ventardette for å sjekka kva som skjer. Sjekkar for feilkodar, men slettar den ikkje:
01192 - Torque Converter Lock-Up Clutch
04-10 - Mechanical Malfunction - Intermittent
Temperaturen er nå under 95 grader og eg forset turen. Når eg nå kjem opp i høg nok hastighet legg lock-up`en seg fint inn igjen.
Eg prøver dette fleire ganger, med samme resultat.
Dersom eg slettar feilkoden FØR temperaturen er under 95 grader legg ikkje lock-up`en seg inn og eg får ny feilkode.
Det ser altså ut til å vera ein oljetemperatur på 95 grader som er den magiske grensa for min bil.
På denne tida brukte eg den orginale oljekjølaren (oljevarmaren)
Eg skifta så ut den orginale oljekjølaren men denne:
http://www.makcotransmissionparts.com/13220.html
og monterte termostat Part #: 708-4739 som er fult åpen ved 180F eller ca 82 grader C.
http://www.makcotransmissionparts.com/m ... e=708-4739
og eit adapter kit Sonnax # 119814-01K
http://www.makcotransmissionparts.com/m ... ode=75496K
Den første oljekjølaren blei for liten, og eg bytta den ut med denne Part #: 4920-1
http://www.makcotransmissionparts.com/4920-1.html
For tida brukar eg ikkje termostaten, da oljetemperaturen blei for høg og lock-up`en kobla ikkje inn.
Men ville da bruk denne Part #: 708-4921 som har arbeidstemperatur på 165 F grader eller ca 74 C.
http://www.makcotransmissionparts.com/708-4921.html
Bruk enkel armert hydraulikkslange, den slangen som følger med er for dårlig og og separerer seg som igjen fører til lekkasje.
Etter at eg sette på den store kjølaren og fjerna termostaten har eg ikkje hatt problem med lock-up`en.
Ein annan fordel med ekstern oljekjølar er at eg unngår faren for å få frostvæske i olja til automatgearen vist det blir lekkasje. «Ein dråpe» skal vist vera nok til at gearkassen må overhalast, så ver forsiktig vist du skal skifta.
Huskar ikkje kor eg leste det, men ein senking av oljetemperaturen med 10 grader vil generelt forlenga levetida til kassen med 20000km.
Min konklusjon her er at den orginale oljekjølaren ikkje klarar å kjøla automatgearolja ned nok til å unngå denne feilen, og det er kansje derfor automatkassane til VW ikkje varer så lenge.
Automatgear problem og mulig løysning feilkode 01192
Re: Automatgear problem og mulig løysning feilkode 01192
Har også hatt problem med at automatkassen gearar hardt mellom 1 og 2 gear, høyrer at andre eigarar har tilsvarande problemet mellom 3 og 4 gear.
Eg har skifta ventilhus, utan at det hjelpte.
Eg har styreenhet med VW # 01P 927 733 BL.
Når eg kjøpte ny fekk eg VW # 01P 927 733 CP.
Etter skifte til ny styreenhet og nullstilte styringa med Vagcom`en har eg ikkje hatt dette problemet.
Det som nå skjer er at lock-up`en ikkje legg seg inn før ved ca 85 km/t og ut ca 80km/t, mot før ca 70km/t og ut ca 65km/t. Møller har ikkje noko godt svar
Ved ein tilfeldighet fekk eg vita at ved bytte av styreenhet VW # 01P 927 733 - BL/BS/CH/CN
mot CP skal det byttes ein ventil på ventilhuset (glidekassen) til automatkassen.
Denne har VW # 01M 398 008, og dette er kun å finna i ein teknisk produktinformasjon # 1648101/9. Delelageret har ikkje tilgang til denne infoen, men fin delen.
Eg har ein ekstra av denne delen fordi eg var ikkje klar over at den var i det nye ventilhuset mitt.

-
Wiggo Jensen
- -

- Posts: 226
- Joined: 05 Jan 2010, 22:59
- Car: T4 2,5tdi 2000 mod
- Phone: 905 77 005
Re: Automatgear problem og mulig løysning feilkode 01192
Min DSX kasse girer fra første til andre gir på et høyt turtall 2500-3000 omdr og vil ikke gire til fjerde. Det vil si den girer i fjerde men ingenting skjer , den kobler i fri selv om velgeren står i D. Men så snart den girer ned til tredje igjen kobler den inn igjen og alt er normalt. Så jeg må kjøre med velgeren på 3 når jeg skal kjøre i 80 km/t, og turtallet er 2800-3000 omdr. Tenkte det kunne være en ide å bytte TCU'n ,styreenheten som hadde sluttbokstavene BL med en jeg fant på E-bay . Denne har bokstavene BS, men disse skal gå fint om en annen. Men det ble ingen forskjell. Så håpet er at det kan være noe feil med ventilplata der solinoidene sitter. Mulig kan det åsså være irr og overslag i kontakten som står på fremsiden av kassen som går til ventilplata. Ventilplata hadde jeg til overhaling nettopp der det ble byttet solenoider og ventiler. Har fått kjørt Vagcom på bilen men kommer ikke inn på girkassen.
Re: Automatgear problem og mulig løysning feilkode 01192
Tar litt lengre tid med Vagcom`en å få kontakt med gearkassen enn motoren meinar eg, men det er gjort på under eit minutt.
Husk på at gearkassen har to slike multikontaktar, ein på framsida der du kan fylla på olje og ein bak på sida ut mot V.S. framhjul.
Husk på at gearkassen har to slike multikontaktar, ein på framsida der du kan fylla på olje og ein bak på sida ut mot V.S. framhjul.
-
Wiggo Jensen
- -

- Posts: 226
- Joined: 05 Jan 2010, 22:59
- Car: T4 2,5tdi 2000 mod
- Phone: 905 77 005
Re: Automatgear problem og mulig løysning feilkode 01192
Stemmer det. Denne kontakten er til gir indikatoren i instrumentpanelet. Og den på fremsiden går til ventilplata og solinodene. I tillegg til disse er det to givere, en foran på kassen å en oppå. Disse registrerer hastigheten på diverse tannhjul.