Så kom lørdagskvelden og ikkje tale om at døra ville opp i det heile tatt. Eg satt innelåst i bilen og prøvde å ringa vaktnødtelefon for rullestolbrukere i Hordaland, som er eit nummer ein skal kunna ringa dersom bilen svikter, ein el.rullestol stopper osv… Men nei, her var det ingen svar å få. Heldigvis kunne ein kompis av meg komma og hjelpa.
Med litt makt fekk me revet vekk dørtrekket og fant raskt feilen. Eit stag hadde løsna frå trekksylinderen som opner døra.

Staget blei montert igjen og eg kunne heldigvis få med meg bilen til fjelds likevell, men sida festeanordninga til dette staget såg veldig jalla ut, så har eg endo ikkje montert dørtrekket igjen i tilfelle det løsner igjen.
Staget er festa på innsida av den lange skjøtemutteren ved hjelp av ein skrue som er skrudd halvvegs igjennom skjøtemutteren i eit gjenga hol som går tvers gjennom skjøtemutteren. På andre sida er det ein liten unbrakogjengetapp som skal låsa skruen fast ved at dei teites mot ein anna. Kunne dei ikkje heller montert ein skrue med låsemutter tenker då eg, eller i alle fall ofra ein liten drope gjengelås

Litt overraska også over at sponet etter monteringa av dette fortsatt låg i døra, klar til å godgjera seg i fuktige tider...
Etter ca 4 timer, så blei eg oppringt av han som var på vakt på nødtelefonen. Han hadde visst vert opptatt og hadde ikkje høyrt telefonen. Men då eg spørte om kva hjelp eg kunne venta å få dersom eg får liknande problem seinare, så sa han at dei berre ville sendt Viking redningstjeneste til kun å fått meg ut, men at bilen måtte leverast til ombyggar for å få retta feilen, så det hadde jo hjulpet meg lite denne gangen.
Elles var bilen inne til Handicare i oktober for diverse utbedringer og feil.
Håndgassen detter som oftast heilt tilbakers no utan å måtta føra den tilbakers når eg har sluppet gassen. Det er spesielt greitt for andre som kjører med pedallane, så slepper dei å ta foten under gasspedallen for å trekka den opp for kvar gong dei skal sleppa gassen.
Det blei sett inn ny sikringsholdar for 6-veis seteunderstellet sida eg fant ut at det var den som var defekt og eg dermed hadde kobla meg forbi den.
Tankmålaren blei også sett på denne gangen, men det ser ikkje ut til å ha hjelpt så mykje.
Men sjølve bilen er knall god. Veldig fornøyd med framkommeligheten også til å vær ny bil, så lenge ein kobler vekk antispinn’en. Blei litt skuffa når bilen ikkje ville fløtta seg ein millimeter på flat parkerinsplass med ca 15cm snø fordi den ikkje fekk turtall.
Var andre tider med Syncro <3


Blir spennandes å sjå om bilen holder når eg reiser til Beitostølen i over 3 veker på torsdag då...
Berre kryssa fingrane og satsa på at alt blir bedre til neste år
Godt nytt år alle sammen!






