Er det nokon som har erfaringar frå desse bilane. Fordelar/ulemper med dei opp i mot kvarandre. Er ein sein T4 feks å foretrekke kontra ein tidleg T5 (vil nok sette grensa på omlag 100000 så seine T5 er sikkert då uaktuelt) T5 vil då truleg bli med den minste motoren. Er denne stor nok om ein ikkje skal dra tungt med den, eller er det i klasse med 2,4 dieselen der eg føler eg må satse max før lange oppoverbakkar
Skal ha transporter då eg ikkje trenger fleire seter og likar plassen/fleksibileteten ein transporter gjev.
Korleis er det med støy i desse modellane kontra gamle T4...min er 95 modell og eg har fått støyen ned på eit akseptabelt nivå ved hjelp av ein god del ekstra demping, men det er framleis nokså markant spes med piggdekk.
Er ute etter alle innspel som går på driftsikkerheit, driftsøkonomi og kjennte problem....


