Page 1 of 1

Lekkasje i T4

Posted: 06 Nov 2004, 22:13
by T5-Per
Har ein Transporter TDI 98-mod. SUPER bil! Men er noko plaga med at varerommet ikkje er heilt tørt når regnet har strauma ned - og det gjer det som kjent ikkje sjeldan her på Vestlandet....

Tidlegare kunne eg sjå at vatn kom inn. Det var dråpar ved bakluka - dels på gummilistene og dels på stålet ved sida av luka. Så vart luka i sommar justert noko ved merkeverkstad. Seinare har eg ikkje sett vatn ved bakluka, sjølv om det er aldri så vått utanfor. Likevel vert det framleis vått på golvet. Problemet er at no kan eg ikkje lenger sjå kvar vatnet kjem inn! Eg har teke ut golvmatta og tørka ut denne. Men så vert det regnver att, og når sola tittar fram, doggar det på vindauga. Det er berre i varerommet det doggar, ikkje framme i kupeen.

Er det nokon som har erfaring med kvar desse bilane har sine "svake punkt"? Kva bør eg sjekka? Å få ein verkstad til å leita etter lekkasjen er som kjent ein dyr affære som ikkje treng føra til noko resultat heller. Etter det eg har høyrt, er det forresten ikkje så vanleg med lekkasje i desse bilane.

Mvh
Per Ivar

Posted: 06 Nov 2004, 23:50
by Der Postmeister
Normalt er dette ikke noe tema, men det du kan gjøre er å få en kompis/fruen til å vanne bilen mens du kravler rundt i kassa baki. Da kan det hende du finner noe. Det er igrunn dette som skjer på verkstedet og.
Tørk godt før du vanner, slik at ikke gammelt vann lager falske lekkasjer. Ta med deg lommelykt.
Vet at bakruta kan lekke hvis det har kommet rust under limfugemassen, eller ruta er bytta og limet ikke har festa seg godt nok, eller har oppstått kanaler i denne. Det har skjedd at bakrutene har explodert på noen biler pga feil i produksjonen av glasset, så hvis din er blandt de, ville jeg iallefall skjekka fugemassen på ruta.

Posted: 07 Nov 2004, 14:04
by EvenOS
Kjenn etter om det ligg mykje laust rask på gummilista over bakluka (der øvre del av døra kviler inntil sjølve bilen). Eg har plukka kilovis med barnåler (nesten jord etter nokre år med kompostering) frå min T4, og dette kan vel kanskje føre til lekkasjar..?

Lekkasje i T4

Posted: 07 Nov 2004, 23:45
by T5-Per
Takk til begge for konstruktive svar!

Det er godt mogeleg at det er bakruta som er syndaren, men i og med at eg har hatt synleg lekkasje ved bakluka tidlegare, ser eg alltid nøye etter der no, og som sagt kan eg ikkje lenger sjå at det er vatn på bakluka.
Rusk på gummilista er eg rimeleg sikker på at eg ikkje har.

Det merkelege er at tidlegare har eg funne dråpar i stål-"kanalen" over luka. Dette kan vel ikkje koma inn via luka etter det eg kan forstå?
Prøver å setja inn eit bilete her - det skal syna kvar eg fann vatn tidlegare.

Image

Mvh
Per Ivar

Posted: 08 Nov 2004, 08:30
by Jørre
Sett deg bak neste gang du vasker bilen på shell.....husk fluktstol og kaffe.

Posted: 08 Nov 2004, 09:15
by Mike Sierra
Har du noe på taket, antenne eller bremselys?
Dessuten så har jeg sett at pakningen ikke tetter overalt mot bakdørene, i uheldige tilfeller vil du da kunne få lekkasje, men kun hvis det samler seg ekstremt mye vann på spesielle steder.

Lekkasje i T4

Posted: 08 Nov 2004, 10:09
by T5-Per
Ja, nettopp, på taket er det eit bremselys. Det er fabrikkmontert, så vidt eg veit (har ikkje hatt bilen sidan han var ny). Eg har hatt bremselyset som "mistenkt i saka" tidlegare, men fekk verkstaden til å sjekka dette. Dei sa det ikkje kom vatn inn der. Sikker er eg no likevel ikkje, det er ikkje alt som stemmer av det som vert sagt der i garden... Men eg kan ikkje lenger sjå vatn så høgt oppe, som sagt.
Fleirtalet av desse bilane har vel IKKJE bremselys på taket, etter det eg har observert. Er desse lysa eit svakt punkt? Nokon som har erfaring med lekkasje frå desse?

Jørre, det der gjer eg då kvar einaste gong bilen går gjennom vaskeautomaten. Ingenting er som å sitja inne i ein god stol med varm kaffe og godt lesestoff når regnet trommar mot vindauga!!

Mvh
T4-Per

Posted: 08 Nov 2004, 15:10
by Jørre
Hehe......tenkte jo kansje du kunne titte litt rundt baki bilen, for og evnt se hvor vannet kom inn......mens du drikker kaffe. :wink:

Posted: 08 Nov 2004, 16:12
by Der Postmeister
Fort gjort å vippe taket for å se, men det har ikke vært noe tema med det bremselyset etter det jeg vet.
Hva er det grå som kan skimtes i hølet ved siden av den øvre blå markeringen?

Lekkasje i T4

Posted: 08 Nov 2004, 17:27
by T5-Per
I kva hol er det du meiner? Det til venstre for den blå sirkelen?
Der er det to lange skruar med godt tilskrua mutrar. Det er tilsvarande skruar i holet på hi sida av midten. Dei er for hengslane til luka, så vidt eg kan sjå (er langt frå nokon ekspert). Det var heilt tørt rundt desse no, men så har det då heller ikkje regna så veldig i dag.
Meiner du dette er noko eg burde halda særskilt auge med?

Posted: 08 Nov 2004, 19:12
by Der Postmeister
Det så i farta ikke helt orginalt ut. Mener isåfall dette skal være lakkert. Vann bilen mens du ser på dette. Kan ikke skade iallefall og eliminere dette ut.