Page 1 of 1

Veivhustrykk

Posted: 09 Sep 2016, 23:28
by simasa
Hei!
Multivanen min stoppa her om dagen, og eg gjekk utifrå at den eine pumpedysa hadde tatt kvelden, (tidligare måling viste at ei var svært dårlig på verdien). Bilen ville ikkje starte, men var litt "etter".
Bytte dyse idag og testa om den starta før eg skrudde på toppdeksel. Den starta med ein gong.

Skrudde ihop resten av motor, front og slanger, og skulle starte den igjen, død. Oppførte seg likt som tidligare.
Eg tok av luftslangen som går frå turbo til intercooler, og då starta den og gjekk fint, men stoppa når eg sette slangen tilbake.
Har funne ut at det er høgt trykk i veivhusventilasjonen, for bilen starter og går når eg drar ut slangen som går frå toppen av toppdeksel og inn på innsuget. Det kjem og mykje olje ut der. Motor gjekk også med kun oljepåfyllingslokk av, men då regna det olje :-( (Stoppa når eg sette lokket tilbake).

Er det nokon som har vært borti liknande?
Kan eg ha oversett noko når eg monterte tilbake motor og toppdeksel?

Står litt fast her.

Re: Veivhustrykk

Posted: 10 Sep 2016, 00:37
by Needforspace
Høres ut som betydelig gjennomslag.
Motor gått langt?

Re: Veivhustrykk

Posted: 10 Sep 2016, 08:21
by simasa
290.000km, men skjer slikt plutselig?
Før stoppen gjekk det fint å opne oljepåfyllingskorken, uten at det spruta olja opp der.

Re: Veivhustrykk

Posted: 10 Sep 2016, 08:31
by Der Postmeister
Kan det være så dumt at du har bunnpanna full av vann pga lekkasje i vannpumpe?

Re: Veivhustrykk

Posted: 10 Sep 2016, 16:39
by simasa
Ikkje vann i bunnpanna, men det er litt diesel blandi inn i olja. Vannpumpa skifta eg tidligare i sommar. Nivået er pittelitt over på peilepinnen, men ikkje nok til å lage eit slikt trykk.
Men blir eigentlig ikkje overraska om det er nivået som gjer det. Får tappe av gammel olje og fylle på ny.
Bilen står litt i oppoverbakke no, då den står på to bukkar framme, men det skal vel ikkje ha betydning?

Re: Veivhustrykk

Posted: 11 Sep 2016, 22:44
by simasa
Bytte olje idag. Var litt for mykje på den, men ikkje så mykje at det skulle bety noko. Fylte på ny olje og prøvde å starta bilen, men måtte av med slangen på veivhusventilasjonen for at den skulle gå.
Eg fekk omtrendt ikkje turtall på den og ikkje noko trekkraft i heile tatt. Hadde ikkje nok kraft til å køyre opp på bukkane igjen heller.
Tenkte at turboen måtte ha noko med dette å gjere. Tok av eksos-flexirøret, og kjente at skovlene satt heilt fast.
Skrudde av manifold og turbo, delte turboen, og der var akslingen mellom skovlene knekt rett av.
På andre sida gjekk skovlene fint rundt.
Tenker at all eksos har gått ut i røyret til EGR´en og inn att på innsuget og laga overtrykket.

Så då er det vel berre å leite etter ein ny/brukt turbo :x

Kan turboen frå BNZ motoren brukast til min AXD motor?
Kan eg bruke AXE turbo?

Re: Veivhustrykk

Posted: 06 Dec 2017, 14:34
by simasa
Ei stund sidan eg gjorde dette men, eg fekk tilsendt "feil" turbo (AXE, til 174hk), men tenkte eg kunne prøve å sette den på.
Denn passa rett på, måtte berre endra litt på innsugs-pakninga som var i papir. Sidan bilen var litt chiptrimma frå før, merka eg enorm forskjell med ny turbo, spesielt på dreiemoment. Det vert meir drag og futt enn ein org 174hk.
Var ingen problem i sommer med ei Hobby 720 bak og ferieklar bil heller.