Page 1 of 1
Skjellpadda
Posted: 26 May 2013, 20:48
by Hansmh
Her er den "nye" bilen min. Då Reimo skulle selja bubilen sin, var eg raskt på plass og fekk tak i denne bilen

Eg har fått bilen heim og konstatert at registerreima må skiftast, då dette ikkje er blitt gjort dei siste 22 åra

Motoren er gått under 30 000 km desse åra.... Bilen ber prega av å vera velholdt og kong rust ser stort sett ut til å halda seg på avstand. Sålang har eg: støvsugd, rensa seter og puter og vaska litt hist og her. Eg har vore under bilen og smurt opp giroverføringar og konstatert at her var det ingen rust

Dørlåsar, hengsler og liknade er blitt smurt opp, stramma og justert. Alt går lett og fint.
Ting som må gjerast:
- Montera hovudstraumsbrytar på bilen - (det er noko som tappar batteriet)
- Skifta register-reim - verkstadjobb
- Få sambuaren til å forstå at bilen ikkje ser "løyen" ut, men at han har sjarm
Slik ser bilen ut inni:

Re: Skjellpadda
Posted: 26 May 2013, 23:11
by narle
Tischer ser det ut som,eller?
Re: Skjellpadda
Posted: 27 May 2013, 08:17
by Hansmh
Stemmer det! Påbygget heiter Tischer 245

Re: Skjellpadda
Posted: 27 May 2013, 20:13
by Hansmh
Eg har merka at felgane framme blei varme etter litt køyring. Det tyda på at desse hang noko, sjølv om Eu-kontrollen ikkje viste noko slikt. Eg starta med å smørja opp kalipparane framme. Dette gav ikkje det heilt store resultatet. I tillegg var den eine kalipperen var ny og gjekk lett frå før. Bremseskivene hadde imidlertid ein kant ytterst kor ikkje klossane nådde ut. Etter å ha slipt dette virka det som at bilen trilla lettar, samt at felgane er kalde. Brått virka bilen mykje sprekare

Kanskje lettrullande miljødekk er det som blir neste steg for å få ein "sprekare" bil ??

Re: Skjellpadda
Posted: 28 May 2013, 00:00
by Tur-Bo
Beste måten å trimme på er å hive ut tunge ting

Re: Skjellpadda
Posted: 28 May 2013, 22:27
by Hansmh
Då er hovudstraums-brytaren montert. Plasseringa på denne brytaren blei så pass krunglete at den må kunne kallas tjuverisikring

Så har eg booka tid for å skifta register-reim. Etter dette skiftet er bilen klar til bruk

Då kan sommaren komma med sol og varme.
Re: Skjellpadda
Posted: 29 May 2013, 13:55
by Reimo
Godt at godbilen er komt i gode hender! Og husk, om du treng hjelp kan du alltids ringa ein venn!

Re: Skjellpadda
Posted: 29 May 2013, 21:30
by Hansmh
Det skal eg gjera
Neste prosjekt er å få tak i grunning og lakk i rett farge for å ta det vesle som er av lakkrust.
Når dette prosjektet er ferdig veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera... Kanske bruka bilen?

Re: Skjellpadda
Posted: 29 May 2013, 21:55
by Reimo
Det er sikkert nokon her inne som veit kva lakk koden til din bil er?
Re: Skjellpadda
Posted: 29 May 2013, 21:59
by Reimo
Har du prøvd og sette opp teltet?
Her er ifrå campingtur i fjor.

Re: Skjellpadda
Posted: 29 May 2013, 22:09
by Hansmh
Lakk-koden har eg sett einkvan plass

Hadde eg berre husk kor....
Teltet er ikkje blitt prøvd enno, men ein nabo kom oppom med eit underlagsteppe for å ha i teltet... Eg trur det kjem til å passa fint.
Etter at dette sjarmtrollet kom i tunet vårt, er det nesten alltid ein nabo på besøk for å sjå på vidunderet:-D Bilen er innvia med øl og bilprat

Re: Skjellpadda
Posted: 05 Jun 2013, 23:46
by Rapidspeed
lakkode L90D
Re: Skjellpadda
Posted: 06 Jun 2013, 10:50
by Bugman
Kjekk Camper du har der!
Gratulerer!!
Begynner å bli noen slike også her inne, ja!!
Re: Skjellpadda
Posted: 06 Jun 2013, 22:43
by Hansmh
Takkar for lakk-koden.... Eg fann han også i bilen på ein klistrelapp.
Bilen er kjekk den

No er register-reima skifta og bilen snart klar for tur. Det er ein drivstoffslange frå diseltanken som dryp litt så den må eg få skifta. Elles byrja det å komma ei dårleg lukt i bilen når den stod tilkopa straum eller at eg køyrde bilen. Ved nærare ettersyn var to av cellene i batteriet på budelen tomme for væske. Mysteriet var med andre ord oppklart. Så då blir det nytt batteri. Monn tru om eg skal gå for eit vedlikehaldsfritt batteri? Nokon som har erfaring med slikt?
Det må også handlas inn gass, gassalarm og så må eg sjå over at gassleidningane ser ok ut. Då er me snart klare til avreise.
No leitar eg etter bilsete som kan brukas på to-punkt setebelte. Det var ikkje så enkelt. Trur eg har funne noko brukande nå.
Eg og sonen min på 2,5 år er i allefall klare for tur..... Sambuaren er noko meir skeptisk

Re: Skjellpadda
Posted: 09 Jun 2013, 20:56
by Hansmh
Då er bilsete tilpassa to-punktsele kjøpt inn og montert. Eg har også vore på oppdagelse-jakt i bilen

Her kjem eit par bilder på nokre kjekke dingsar i bilen min.
Fann ein liten brytar som eg ikkje visste kva var... Men då eg monterte inn nytt batteri i budelen på bilen, tok det ca 10 sekundar før det hylte og skreik.... Dette var nok ein brytar for alarm
Same staden fann eg også ein annan dings. Er dette eit slags stemplingsur for kilometrane, frå den tida at ein måtte føra kilometrane på dieselbilane?

Re: Skjellpadda
Posted: 09 Jun 2013, 22:13
by Tur-Bo
Ja, det er et stemplingsur, hvis det fortsatt er koblet til speedometerviren kan du putte en litt stiv papirbit ned i sprekken og dra i den spaken, så får du det nøyaktige km, tallet,som bilen har gått

Re: Skjellpadda
Posted: 15 Jul 2013, 07:31
by Reimo
Ventar spent på rapport frå campingturen no!
