Page 3 of 3

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 30 Dec 2013, 19:36
by Capri
Då er jula nesten over og eg fekk heldigvis fiksa bilen rett før den sku på sin første tur til fjells. Me sku reisa til Hovden søndag 15.desember og der sku me vær i to veker. På torsdagskvelden før begynte skyvedøra å tulla seg og ville ikkje opna uten at noken drog i dørhandtaket samtidig som eg klikka "opne dør ". Eg kontakta NAV bil og sa at eg sku til fjells for å feira jul og at eg derfor måtte få fiksa dette før eg reiste. Men sida det allereie var fredag og det ikkje var mulig å få levert bilen til ombyggaren i Bergen, og eg ikkje fekk lov til å levera inn bilen andre plassar, så kunne ikkje dette fiksast før me sku reisa. Eg måtte dermed basera det på å ha med meg noken til å opna døra for meg dei gongane eg sku bruka bilen i desse to vekene…
Så kom lørdagskvelden og ikkje tale om at døra ville opp i det heile tatt. Eg satt innelåst i bilen og prøvde å ringa vaktnødtelefon for rullestolbrukere i Hordaland, som er eit nummer ein skal kunna ringa dersom bilen svikter, ein el.rullestol stopper osv… Men nei, her var det ingen svar å få. Heldigvis kunne ein kompis av meg komma og hjelpa.
Med litt makt fekk me revet vekk dørtrekket og fant raskt feilen. Eit stag hadde løsna frå trekksylinderen som opner døra.
Image
Staget blei montert igjen og eg kunne heldigvis få med meg bilen til fjelds likevell, men sida festeanordninga til dette staget såg veldig jalla ut, så har eg endo ikkje montert dørtrekket igjen i tilfelle det løsner igjen.
Staget er festa på innsida av den lange skjøtemutteren ved hjelp av ein skrue som er skrudd halvvegs igjennom skjøtemutteren i eit gjenga hol som går tvers gjennom skjøtemutteren. På andre sida er det ein liten unbrakogjengetapp som skal låsa skruen fast ved at dei teites mot ein anna. Kunne dei ikkje heller montert ein skrue med låsemutter tenker då eg, eller i alle fall ofra ein liten drope gjengelås :roll:
Image
Litt overraska også over at sponet etter monteringa av dette fortsatt låg i døra, klar til å godgjera seg i fuktige tider...
Etter ca 4 timer, så blei eg oppringt av han som var på vakt på nødtelefonen. Han hadde visst vert opptatt og hadde ikkje høyrt telefonen. Men då eg spørte om kva hjelp eg kunne venta å få dersom eg får liknande problem seinare, så sa han at dei berre ville sendt Viking redningstjeneste til kun å fått meg ut, men at bilen måtte leverast til ombyggar for å få retta feilen, så det hadde jo hjulpet meg lite denne gangen.

Elles var bilen inne til Handicare i oktober for diverse utbedringer og feil.
Håndgassen detter som oftast heilt tilbakers no utan å måtta føra den tilbakers når eg har sluppet gassen. Det er spesielt greitt for andre som kjører med pedallane, så slepper dei å ta foten under gasspedallen for å trekka den opp for kvar gong dei skal sleppa gassen.
Det blei sett inn ny sikringsholdar for 6-veis seteunderstellet sida eg fant ut at det var den som var defekt og eg dermed hadde kobla meg forbi den.
Tankmålaren blei også sett på denne gangen, men det ser ikkje ut til å ha hjelpt så mykje.

Men sjølve bilen er knall god. Veldig fornøyd med framkommeligheten også til å vær ny bil, så lenge ein kobler vekk antispinn’en. Blei litt skuffa når bilen ikkje ville fløtta seg ein millimeter på flat parkerinsplass med ca 15cm snø fordi den ikkje fekk turtall.
Var andre tider med Syncro <3
Image
Image
Blir spennandes å sjå om bilen holder når eg reiser til Beitostølen i over 3 veker på torsdag då...
Berre kryssa fingrane og satsa på at alt blir bedre til neste år :)

Godt nytt år alle sammen!

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 02 Jan 2014, 23:14
by Capri
Sjokk! :lol: Nett komt til Beitostølen å på veg ut av bilen... Heisen sitter fast å vil ikkje ut :roll: Trur snart eg legger meg ned å griner :cry:

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 03 Jan 2014, 15:07
by Even
Høres forferdelig ut at det skal være så dårlig bygd at det ikke tåler å bli brukt...får håpe det ordner seg :)

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 03 Jan 2014, 17:28
by Needforspace
Om dette er standarden på sånne ombygginger er det jaggu trasig.

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 04 Jan 2014, 00:07
by Arild
Dette er ei sak for media.ring vg eller tv2 så tenker eg at problema dine blir miksa meeeget fort

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 26 Jan 2014, 20:18
by Capri
Det har vert mykje ekstra bry å bruka bilen dei siste vekene sida heisen ikkje virker lengre, men håper på å få reparert heisen snarast mulig å få bestilt ein anna type heis. Tanken med at heisen tok liten plass var god, men eg er avhengig av at den virker.
Eg har visst funnet ut at det er ganske vanlig å ha problemer med slike ombygde biler og at mangen har gått til media med det før meg, så eg trur ikkje at det har så mykje for seg.

Men bilen har i alle fall fått testa seg på skikkelig vinterføre og eg er overraska over kor mykje utstyr og bagasje det går ant å få med seg i ein bil :mrgreen: Det blir fort ein del eksta bagasje pga hjelpemidler som trengs når ein skal på tur, også blant anna sitski og piggekjelke. Då er den løysninga med å kunna ta vekk setene som står bak i bilen veldig god :)

Image

Måtte jo ta litt bilder i tunellen også :wink:
Image
Image
Image
Image
Må berre beklaga at eg ikkje fekk vaska bilen først c',)

Re: Robert sin 2013 BiTDI 4MOTION med håndgass/brems

Posted: 26 Jan 2014, 21:37
by Kall'n
Trist at dere som er avhengige av hjelpemidler, ikke får det utstyret dere trenger, eller dere får utstyr av dårlige kvalitet.. Men det er vel Norge i et nøtteskall til syvende og sist.

Men fin bil ihvertfall :)