Page 3 of 4

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 09 Jun 2012, 19:27
by Odne Laukeland
Har ikkje fått verken rør eller det elektronikken enno, viss eg får det i heiletatt, så det har eg ikkje fått kobla det opp enno. No om sommaren fungerar det greit med dei ekstra luftuttaka i b-stolpane. Kjøler godt syns eg, men til vinteren blir det nok kaldt. Håpar eg får det eg er blitt lova til slutt.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 10 Jun 2012, 20:56
by Pål_B
Blir veldig moro om du får det til. Da er det litt enklere å bygge om en varebil, når noen har gjort det før :)

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 17 Jun 2012, 20:00
by Odne Laukeland
Då har eg vore over fjellet og henta ein delebil til eit prosjekt eg har gåande.
Image
Artig å få testa Transporteren som trekkbil. Må seie eg er litt imponert. Fungerte meget bra. Forbruket er heller ikkje så ille. 0,93 med tom hengar 620kg på turen austover og 0,97 på turen heim att med 1600kg bak bilen. Aldri noko problem å halde fartsgrensa over fjellet, fekk til og med køyrt forbi eit par nederlendarar opp bakkane frå Gol mot Hemsedal.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 21 Jun 2012, 13:59
by Duetto
Hei.
Ser at du har bygget om fra Transporter til Multivan.
Skal til å gjøre det samme med min caravelle nå.
Hvor fikk du tak i setene og skinnesystemet?

Martin

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 22 Jun 2012, 07:34
by Odne Laukeland
Kjøpte det frå ein kar i Sandnes. Han henta det vel i Tyskland trur eg.
Han har annonser på finn stort sett.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 17 Jul 2012, 17:34
by Odne Laukeland
Då har vi køyrt 2000km med vogn i ferien og bilen har fungert bra. 1,1 liter pr mil i snitt. Skifta ein ABS-sensor og må få justert hjulstillinga. Dekka ser "nye" ut på 90% av dekket men er blankslitt på innsida. Har derfor bestilt H&R senkefjører no slik at eg slepp å ta hjulstillingskontroll to gonger. :D Vurderte multivan lykter og, men lyt vel spare litt inn til vidare. Dermed vart det berre crome blinklyspærer for å pynte litt opp i denne omgang.
Elles står service for døra. Skal få bytta haldex-oljen og filter slik at eg veit at det er gjort.
Men, burde eg få skifta vasspumpa med det same, eller skal ein late den vere og heller følge godt med olje- og vass-nivå?
Er vel eit svakt punkt på desse bilane så det er kanskje greit å gjere det når oljen skal bytast, så slepp ein tappe 8 liter ny olje rett av att vis pumpe skulle ryke snart.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 17 Jul 2012, 19:03
by Neergård
Det er vel større jobb å skifte pumpa enn å ta et ekstra oljeskift da...
få sjekka om den er bytta i det hele tatt da?

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 17 Jul 2012, 21:38
by Martin Sandvik
Takker for ordren, blir nok bra dette.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 22 Jul 2012, 20:03
by Odne Laukeland
Senkesettet er montert, men eg er vel ikkje heilt 100% nøgd. Bilen vart ein del lågare bak enn framme dessverre, så det var litt skuffande. Har rette fjørene, men bilen vår har då altså ein kombinasjon av dei stivaste fjørene framme og dei slappaste bak viss eg tolkar papira rett. Dette har med tillatt akselvekt å gjere og er jo slik det må vere med tanke på godkjenning, men det vart ikkje spesielt fint. Bak er bilen låg nok, men framme er den ikkje låg.
Litt forskjel er det på framfjørene:
Image
Ikkje heilt ideelt etter min smak:
Image
Image
Har køyrt ca 75 mil med settet no, så eg veit ikkje om den vil sette seg meir framme enn bak men ein kan jo alltids håpe. Viss ikkje, er det nokon som har noko tips? Kan sjølvsagt kjøpe dei andre bakfjørene for å få opp baken, og sette dei på etter godkjenninga men... Det blir jo ikkje optimalt det heller, sjølvom nummera er så like at det truleg aldri vil verte reagert på det i ettertid.
Kom seg når ein fekk vekk dei orange blinklyspærene i alle fall:-).

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 22 Jul 2012, 20:58
by Martin Sandvik
Synes dette er merkelig da vare bilene pleier å være litt høyere bak pga de er tomme innvnedig mens du har seter som da er litt tyngre.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 22 Jul 2012, 23:59
by Odne Laukeland
Hadde bilen framleis vore varebil hadde den sikkert sett ok ut når den var tom ja. Veg temmeleg mykje den bakre multivan-benken. Elles så er bilen tom for bagasje og passasjerar på bileta.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 23 Jul 2012, 00:41
by Rikskringkastingen
Den multivaninnredninga veier sine kilo ja. Jeg kjenner til en Multivan Highline som ble levert som varebil da den var ny. Den bilen ble så høy uten setene, at det ble montert fjærer fra originalt sportsunderstell for å få den ned på standard multivanhøyde.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 23 Jul 2012, 09:23
by Martin Sandvik
Kan det være at om det hadde vært orginal multivan så skulle den hatt de andre fjærene, vognortet ang laste index ikke er forandret?

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 23 Jul 2012, 09:53
by Odne Laukeland
Vognkortet er ikkje endra med tanke på lastekapasitet/vekt nei. Kan godt hende denne hadde vore annleis på original Multivan ja.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 03 Aug 2012, 13:52
by Odne Laukeland
Då har eg fått vaska og understellsbehandla bilen. Kan som vanleg ikkje seie at eg er særleg imponert over T5en. Under bilen var det fleire plassar kun grunning, og denne var enkelte plassar begynt å sleppe (pga sinkslepp?). Hadde dette fått gått sin gang trur eg neppe denne hadde sett betre ut enn T4 etter like mange år. Behandlinga av understellet på denne var faktisk betydeleg dårlegare en på T4, (og det var ikkje mykje å skryte av), slik eg kunne sjå det. No er uansett alt eg fann av sinkslepp og rust sandblese, grunna og tectylert saman med resten av bilen. Deksela under er montert tilbake sidan eg har gitt opp å vente på delene til varmeapparatet. Har omsider fått tatt eit oljeskift, etter å ha leita ein halvtime etter oljefilteret og brukt fleire timar på å skaffe verktøy for å løyse det.

Må seie eg er mektig lei av dei "smarte" løysingane på T5 etterkvart og eg ser ikkje vekk ifrå at den vert byta i noko japansk som ein slepp skru på heile tida.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 03 Nov 2012, 15:20
by OlavT5
Hei.
Har gått over frå multivan til caravelle og savner seteløysinga, veit du om det er meir som er tilrettelagt i ei caravelle enn i transporteren du har gjort dette på?

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 08 Nov 2012, 15:03
by Odne Laukeland
OlavT5 wrote:Hei.
Har gått over frå multivan til caravelle og savner seteløysinga, veit du om det er meir som er tilrettelagt i ei caravelle enn i transporteren du har gjort dette på?
Nei, det veit eg eigentleg ikkje, men eg tvilar på at alle hola du treng i golvet er der. Uansett så er det muttrar som festar skinnene under bilen så du må ned med alt av deksel, dieseltank, eksos +++ for å montere inn skinnene frå Multivan. Elles så er det vel grei skuring med litt byte av sidedeksel for å fjerne selar og slike ting. Ikkje noko problem eigentleg, men alt tek tid, og det kostar jo litt for nytt interiør òg. Veldig praktisk med Multivan-interiør, men eg veit ærleg talt ikkje om eg hadde gidda å byte ut Caravelle-seta.


Elles så går det i stadige reparasjonar. Har nettopp bytta foringar i bærebruene, ei bærekule, ein lenkearm, stabstag-foringar, bremseslangar og bremseklossar framme, så no burde framenden vere på stell. For første gong er eg positivt overraska over T5 konstruksjonen. Desse tinga gjekk veldig kjapt og greit å skifte, og kosta meg ikkje meir enn ca 3000kr. (Då gjorde eg alt bortsett frå inn- og utpressing av foringar i bærebruene sjølv). Slett ikkje gale det. Tilsvarande reparasjon på ein T4 hadde vel lett bikka 10000kr ettersom ein der er meir avhengig av å levere den på verkstad, og det er fleire og dyrare bærekuler.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 07 Mar 2013, 11:19
by Odne Laukeland
Ikkje mykje som skjer, men nye sommarhjul er bestilt. Går ned ein dimensjon til 19" pga elendig vestlandsvegar. (Pluss at eg fekk eit ok tilbod på nokre demofelgar).
Heilt ordinære hjul, men eg trur det kjem til å sjå greit ut.
Image

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 14 Mar 2013, 22:00
by Odne Laukeland
Fekk hjula i dag. Trur det blir bra.
Image
Litt konkave.
Image
Ikkje heilt ulike hjula til Crossen min ser eg no.
Image

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 17 Mar 2013, 09:43
by Needforspace
Blir fint dette. Liker "åpne" felger, men da er det greit med litt stell og lakk på kaliperene da..

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 18 Mar 2013, 18:01
by Odne Laukeland
Burde nok tatt ein shining av kaliperane ja, men det er vel tvilsamt om eg gidd. Får sjå når eg skal legge om.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 06 Apr 2013, 11:33
by Peders
Hvor fikk du tak i innredning til bilen? Har du noe kontakt info? :roll:

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 09 Apr 2013, 16:40
by Odne Laukeland
Ligg annonse på finn.no
Ein kar som kallar seg Roger og held til Sandnes. Brukbart nøgd med det eg fekk, men eg fekk ikkje alt eg vart lova i etterkant.

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 10 Apr 2013, 14:01
by Peders
Har prøvd å sende han mail men dårlig med svar. Har du anna kontakt info på han?

Re: Vår Transporter 4 Motion "Multivan."

Posted: 21 Apr 2013, 13:08
by Odne Laukeland
Nei, eg har ikkje anna en det som står i annonsa.

Elles er sommarhjula på plass. Ser bra ut syns eg. Bilen er alt for høg framme, og på dette biletet står den i tillegg i ein ugunstig vinkel, så det vert endå verre.
Men, men..
Image
Saman med Poloen:
Image